For dei som ikkje har fått det med seg enno har eg søkt om utveksling til Australia våren ’07. Mykje papirarbeid, søknadsskriving, kopiering og andre meir eller mindre skumle, sterkt byråkratiske prosessar har ting endelig starta å rulle.
I dag, ca 17.30, sjekka eg mailen min og for n’te gang søknadsweb. Og gjett kva, der var svar å få! Eg skal til Australia, som student ved University of Wollongong!”Aldri høyrd om plassen” seier du? So what?! Eg skal til Australia, det skal ikkje du!!
Wollongong er ein by som ligg ca 1 time med tog sør for Sydney, og det er stort sett alt eg veit so langt..
Gode ønsker, surfetips og dykkerutstyr leverast til DAES og takast imot med takk! :p